Historie

Tålmodige foreldre venta på karen i barnesko som skulle sjå på alle  detaljar i naturen. Med auge for både smått og stort som rørte seg, og med skit og fjør med heim i lomma som trofé, var det kjekt å få både jegerprøve og etter kvart lære seg litt om utstopping. Nok til at måren som blei fanga kom på veggen.


Interessa for faget auka og målet for yrkesvalg var klart.Så snart læretida var over og svenneprøven vel i hamn, var det tid for å starte eiga bedrift. No er me i 2003. Etablering og bedriftsutvikling var ikkje fag på taksidermistutdanninga, så her har livets skule og gode hjelparar vore læremeistrar.


Første verkstaden var i eit rom på 7 kvadrat i ein  garasje. Verkstaden vart seinare utvida til heile garasjen og kundekretsen har vore jamt aukande sidan den gong.

I 2010 etablerte Vestnorsk Trofé-Montasje seg i Jølster. Verkstaden er no i kjellaren i huset og heile driftsbygningen på garden er teken i bruk. Her er salterom, toalett, lager til røter, former, salt og anna.

Eige rom til å lage kunstige steinar og til trearbeid. Fjøsen er innreia til showroom , ein milepæl for bedrifta.

Kunden kunne endeleg visast inn i trivelege omgjevnadar når han kom for å hente sitt ferdige utstoppa dyr.

Verkstaden der flåing føregår er naturleg nok ikkje alltid like innbydande.


Kvaliteten har auka i takt med erfaringa og verksemda framstår i dag som ei solid bedrift med fleire bein å stå på etter utviklinga av fjellkunst, i tillegg til ordinær taksidermistverksemd.                



      Velkommen, kjære gjest til

  Vestnorsk Trofé-Montasje

       Taksidermist Vidar Aa. Djupvik